Ljø-huldrefolket som bergtok jente

Det skulle vere juledans på Øvre Ljøen,og på vegen kom ei jente bort i frå fylget sitt, ikkje var ho i dansarlaget og ikkje kom ho heimat der ho tente.

Først neste dag skjøna dei kva som var hendt.

Tett attmed Trollhamaren fann dei beltet hennar med slire og kniv. Det var greitt, ho måtte vere teka inn i berget. Sistpå fekk dei sjå føtene hennar så vidt stikke ut or ei bergløvre. Belte med kniven hadde dei underjordiske på ein eller annan måte fått av ho, for ellers kunne dei ikkje rå med henne, då stål frelser frå trollskap.

Det vart brukt mange råder til å få jenta ut att. Såleis skaut dei skot etter skot, men utan verknad.

Så for dei i veg etter presten, som sende i veg kapellanen, Hr Grip. Han kom på Ljøen og kyrkjeklokka henta dei ut. Dei ringde og kapellanen preika kraftig med andletet vendt mot berghamaren, men det hjelpte ikkje. Så stemde kapellanen i og song, og dei andre i lag med. Nr 117 i Kingo Salmebok.Då dei song desse orda i 4 verset: “så må han vige den fule ånd,med sin gloende pile” – kom jenta att. Då hadde ho vore vekk på sjette dagen.

Ho var ikkje lik seg, var noko rar ei tid etterpå,og ho ville ikkje ha noko snakk om kor ho hadde hatt det då ho var borte.

 


 

(Kjelde: Sunnmørsposten 1962 og Lillebø si soge i Strandaboka)

Legg igjen en kommentar