Den bortkomne jenta og kyrkjeklokka

Den fyrste soga er frå 1760 – Hans Strøm og lyder slik:


Omtrent midt i denne dal (Frølandsdalen) ligger en stor ur, eller samling av utbrustne fjellstykker, som kalles Klokkeuren. Årsaken er at man engang skal ha brakt en kirkeklokke dit, og ved dens lyd søkt å kalle tilbake en gjeterpike som var tatt inn i fjellet (bergtatt) av de underjordiske som bodde der.

Det må ha skjedd i de katolske og mest overtroiske tider, da man tilla klokkelyd den kraft at den kunne fordrive spøkelser og djevelskap.

Her kjem historia til ein rotekte bondaling Sivert Aklestad også ein  “tradisjonsforteljar”. Har du vore i tvil kvar jenta var frå- og korleis det til slutt gjekk med ho, så skulle det vel ikkje vere nemnande tvil etter at Sivert har fortalt sin versjon av kva som egentlig hende:Frølandsdalen er sætredal i Bondalen, der ligg to sætrar. Frølandssætra på nordsida og Stokkesætra på sudsida.

Opp mot høgda til Ørstagrensa ligg Klokkeurda på sudsida  i dalen. Straks ovafor på Ørstasida ligg 3 små vatn kalla Tryvotna.

Klokkeurda er stor, ein treng 1,5 -2 timar skal ein gå rundt ho. Urda er svært storsteinut, det er sikkert ein stor fjellrygg som ein gong i tida har rulla ned på Ørstasida. Innfor urda er eit lite vatn som har utlaupet rett i urda. Fjella attanfor er ville, rett opp for Kolbeinskardet. Ein gut som heitte Kolbein frå Ville i Bondalen hadde kjærasten sin på Stokkesætra. Ein laurdagskveld skulle han gå over fjellskaret til sætra,men kom ikkje fram. Skardet er heitande Kolbeinskardet, den dag i dag.

 

«Hadde dei ringt berre ein halv time til, så….!»

 

Ei jente frå Skulegarden på Frøland var ein sundag på gjæting i Frølandsdalen. Ho var åleine og kom ikkje attende. Dei leita etter henne alle stader, og gjekk manngard gjennom dalen mange vendor, men inga jente var å finne. Foreldra,sysken og skyldfolk syrgde og gret for henne, men jenta var og vart borte. Folket vart meir og meir visse om at jenta vart innteka (bergteken) av huldrefolket, som skulde ha særlig tilhald  i den storsteinute fjellurda. Mellom folket gjekk då den trua at berre ljoden av kyrkjeklokka kunne hjelpe i slike høve, då huldrefolket hadde vore ute. Ein heil  flokk av bygdefolket manna seg då til, tok kykjeklokka ned av kyrkjetårnet og bar henne oppover Bondalen (veg var det ikkje då) om lag 4 km, tok så oppover Frølandsdalen på Stokkesida og fram på Tverbakken.

Derifrå meinte dei at ljoden av klokka kunne høyrast fram i urda, der jenta var huldreteken/bergteken. Dei rigga opp klokka, og steinen som var bruka som lege syner den dag i dag, med hola nedi på eine kanten. Han er kvilestein for sætrejentene. Då alt var klart tok dei til å ringja alt dei kunne både vel og lenge. Fleire mann vart samstundes sende opp til urda for å hjelpe jenta til rette når huldrefolket sleppte taket. Dei heldt det gåande i fleire dagar, men inga jente synte seg, og folket måtte gje opp. Men så var det sundagen etter. Alt folket på Frøland var i kyrkja, berre ei gamal kone(bestemor til jenta) som låg til sengs, var heime. Då kom jenta inn i stova. Ho tok av seg beltet, hengde det på sengefoten og sa:»

Hadde de ringt ein halv time lenger, hadde eg vorte berga, men no er det inga råd, for huldrefolket vil ikkje sleppa meg.” Med det gjekk jenta og vart borte for alltid.

Etter den tida har den store urda øvst i Frølandsdalen vore kalla Klokkeurda (Klokkura).

 

Foto:Knut Riise/ Klokkura

 


 

Kilde: Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr 10.

Hjørundfjord Sogelag.  1988

 

BERGTEKEN

Bergteken kan ha ulike tydingar : Du vert trollbunden , fengsla, forelska eller som i ei gamal lokal historie frå Hjørundfjorden, då den vesle gjeterjenta vart bergteken (tatt inn i fjellet / ura av dei underjordiske.)

Ein gong for lenge sidan forsvann det truleg ei jente ein eller annan stad i området rundt Bondalen, for det finst fleire segner om dette. Namn som Klokkeura og Klokkurdalen finst i alle fall.

Legg igjen en kommentar