Bergteken

Det heile starta for mange år sidan då eg vart “bergteken” av Sunnmørsalpane og slo meg ned her i Hjørundfjorden saman med min vesle familie.

Eit mektig inntrykk for ei trøndertaus å bo her rett under fjell som Slogen og Smørskredtind. No forstår eg kvifor folk valfartar hit for så å slite seg oppover fjellsida for å stå på toppen att med varden og juble. Her fins mange hemmeligheter, historier og sagn i kvar ei lita bygd.

Du skal berre nyte, føle, sjå og høyre, ikkje tenke…

Eg vil fortelje på min måte, i musikk og bilder, eg har lyst å vise deg noko nytt. Eg ynskjer å ta deg med på ei visuell reise gjennom eit vakkert landskap. Opp i skyene frå tind til tind. Ned til fjorden og grøne dalar.

Du skal få sveve høgt over breen og snøkledde fjell. Eller kanskje du vil vandre opp frå Norangsfjorden til toppen av Slogen ein fin sommardag.

Til deg fra meg!

Edith